onsdag 28. november 2007

Kjersti på NTNU!

Tusen takk for besøket sist helg, Kjersti! Det var så koselig! Her er ho i full gang med første strøk maling på farmor sin adventskalender!

Kjersti og eg (Ragnhild) fekk nemleg i oppdrag i barnebarnas gavekalender - som farmor fekk til 85-årsdagen sin - å gi henne kalender til adventstida!

Koselig oppdrag!

Kveldane tilbrakte vi i Børsa saman med Vegar stakkar som var sjuk.

Kjersti leser bok for Josefine - datter til Vegars venninne, Lene.
ADVENTSKALENDEREN!!!!
Satser på at farmor ikkje er inne på bloggen før 1.desember!
Nærbilete.
Nokon som dreg kjensel på tala?
Vi har brukt sjablongmaskina frå gamledager på Geilane!

tirsdag 30. oktober 2007

HIT THE ROAD!

jOHOO! Vi setter oss i bilen og susen heim til Godøya i helga! Gleder oss veldig.

Nokon andre som kjem?

tirsdag 2. oktober 2007

SIGURD PÅ NTNU

Eg hadde den ære av å få søskenbarn Sigurd på besøk ein ettermiddag! Her er den store kunstnaren og eit rykande ferskt maleri!

Han var skikkelig flink!

Drikkepause før vi tek til på maleri nr. 2!

All Right!!
Denne flata skulle eg forberede heilt svart til dagen etter.
Sigurd og eg blanda pigment, vatn og lim til ei fin, tjukk maling og klaska iveg!
Plata blei skikkeleg svart!!

Etter ettermiddagens arbeidsøkt drog vi ned på hotellet der onkel Øystein og folkemusikarane frå Ål venta! Og så blei vi tatt med på Egon der herlig middag venta på å mette svoltne magar!
Ein veldig kjekk dag!

fredag 7. september 2007

tirsdag 28. august 2007

Herlige sørland!

I sommar var eg (Ragnhild) på seiltur på sørlandet saman med Vegar (kjærest), to av hans søsken (Ingrid og Borgar), to nieser (Anna og Johanne) og en nevø (Prins Jakob).
Til mi store glede fekk vi tid til å seile innom Sandøya!!

Her er nokre bilete frå mobilen min.
PS: Bileta blir snart bytta ut for mamma har mange bilete av betre kvalitet.



























































































































































lørdag 18. august 2007

Søndagstur til Hustad!

Ein søndag i juli sette vi (mamma. Øyvind Snorre, Liene frå Latvia og eg) oss i bilden og krusa mot nord.
Åsgeir møtte oss ved foten av Trollkyrja. Etter vel 600 m stigning var vi framme og fekk krype inn gjennom grottene. Stilig!
Etter fjellturen serverte tante Synnøve middag med påfølgande kaffi. Seinare traska vi oss nedover jorda på Åsgard og fiska oss ein liten fisk! Og bada.
Ein dag av dei bedre!
Gleder oss til neste!
















torsdag 12. juli 2007

Kaffikos i solkråa hos Farmor






Vi ringte, og ein halvtime og ein deilig spasertur seinare stod vaflene klare ute i hagen. Herlig og hyggeleg som alltid! Minner og stunder så søte og rosa som heimelaga farmorsaft med ein smak eplerose:)

Familietur i Tafjordfjella 9/7-11/7-07

Turen gikk fra Zakariasdammen til Reindalssetra, og så videre til Veltdalshytta. En ganske krevende førstedagstur med
mye klatring i delvis regn og tungt skydekke. Det var fantastisk
å komme fram til hytta, få varmen i seg, lage medbrakt middag, 
tørke klær og treffe andre turgåere. 

Andredagsetappe gikk til Pyttbua. Regn og en del skodde 
denne dagen også, men en flott tur tross i at toppene vi 
visste lå der, var skjult for oss. Kvelden og natta på Pyttbua 
var like god som kvelden før! 
Her traff Kjersti kjentfolk, som viste seg å være fra Tvedestrand, 
så vi hadde felles kjente! Kjekt! 

Siste etappe gikk fra Pyttbua til Tunga, hvor bilen vår var 
parkert av Kari/Leif. (De gikk motsatt vei noen dager før oss. 
Så klaffet det så fint med at de tok vår bil til Tunga for å hente 
sin bil der. Smart opplegg!) Regn hadde vi siste etappe også,
men det var en deilig avslutning på en god tur, der noen av
oss fikk stifte bekjentskap med muskler vi ikke visste om....)
GOD START PÅ FERIEN!!









Middagslur.....


Tur på Godøyfjellet


Ragnhild, Sigrid og Øyvins på "Johan Skytt" 7/7-07.

Her er vi - trallalala!

Her ute i havet bur opphavet vårt!
På ei øy vi alle er veldig glade i.
Huset vårt i nedste Leitebakk er alltid åpent for folk som vil komme på besøk! Velkommen! Og dette blir bloggen som dokumenterer litt av livet som yrer ut av vår vesle oase.